(Oslo/Sandane, 15. mai 2013) Statkraft Energi og Sogn og Fjordane Energi er samde om ein prosess for å avklare nødvendige premissar for byte av kraftverk på Vestlandet. Selskapa ønskjer å rydde i krysseigarskap for å skape enklare og meir effektiv drift.
Ein eventuell bytehandel vil innebere at Statkraft Energi sel kraftverka Svelgen I og II til Sogn og Fjordane Energi / Svelgen Kraft, medan Sogn og Fjordane Energi sel sin medeigardel på 35 prosent i Leirdøla kraftverk til Statkraft Energi.
Svelgen Kraft leiger frå Statkraft og driftar kraftverka Svelgen I og II fram til 31.12.2030, samstundes som selskapet eig kraftverka Svelgen III og IV. Ved ein eventuell bytehandel vil ein få samla eigarskap til alle kraftverka i Svelgen.
Statkraft Energi eig frå før 65 % av Leirdøla kraftverk og får såleis full råderett over dette kraftverket når medeigarretten vert kjøpt tilbake.
Partane er samde om å vidareføre prosessen med sikte på å inngå avtale medio 2013. I denne prosessen vil ein og ta omsyn til dei rettar Bremanger kommune har til Statkraft sitt utbytte frå Svelgen I og II, og til at bytehandelen må handsamast av Konkurransetilsynet.
For nærare informasjon kan ein ta kontakt med:
Statkraft:
- Knut Fjerdingstad, pressetalsmann tlf. 901 86 310 / knut.fjerdingstad@statkraft.com
- Svein Ove Slinde, regiondirektør tlf. 901 79 678 / svein.ove.slinde@statkraft.com
SFE:
- Ola Lingaas, produksjonsdirektør i SFE, tlf. 917 45 790 / ola.lingaas@sfe.no
Statkraft er Europas største produsent av fornybar energi og det leiande kraftselskapet i Noreg. Konsernet eig, produserar og utviklar vasskraft, vindkraft, gasskraft og fjernvarme. Statkraft er ein stor aktør i europeisk krafthandel og har 3600 tilsette i meir enn 20 land.